Tenorane med ein Horn i sida

EVENT INFORMATION

Dette er ei førestelling smekkfull av klassiske perler, sjølvironiske betraktningar, ein slump alvor og store mengder humor. Vakker song blir avløyst av sjølvironisk harselas over eigne divanykker. Ærlege refleksjonar over eigne liv går hand i hand med ville historiar om usannsynleg kjærleik. Og ikkje minst: Kjekke menn i dress blir endå kjekkare med ein raus porsjon fjær.

Publikum får oppleve vare og kraftfulle tonar, spenstig koreografi, humørfylte sprang og ei mengde overraskingar. Dei vil framføre kjente og mindre kjente klassiske verk, opera og operette­slagerar, viser og popsongar, og dei syng, for det meste, på norsk: Ragnar Hovland har gjendikta «Torna a surriento» og Arnt Birkedal har gjort sin versjon av Beatles sin «The long and winding road».

Tenorane og pianisten Steffen Horn kjem med dette med det mest komplette konsertshowet nokon sinne. Regissør og koreograf Tomas Glans har jobba fram showet saman med Tenorane. Andreas Birger Johansen har skreve manus, og Ingrid Bjørnov og Teodor Janson er bidragsytarar på fleire av nummera. 

tenorane

Restrictions

Det er ingen nedre aldersgrense på arrangementet, men barn under 15 år anbefales å være i følge med en voksen person. Dørene åpner en time før arrangementets start.

Waiver

Billetter refundres kun ved avlyst arrangement.
Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av evt. moderasjonsbevis (studentbevis o.l).